Vernerundar

Vernerundar

Oktober er månaden for gjennomføring av vernerundar i Øvre Telemark prosti. Etter at den lokale vernerunden var gjennomført i Tokke denne veka, var halvparten av dei tolv vernerundane unnagjort for i år. Vernerundane er ein viktig del av det kontinuerlege HMS-arbeidet i kyrkja lokalt.

Som største arbeidsgjevar lokalt, er det kyrkjeverja som har ansvar for at det årleg vert halde vernerundar. Sidan prestetenesta tilhøyrer ei anna arbeidsgjevarlinje, deltar også prosten som arbeidsgjevar for prestane i tillegg til lokale verneombod for dei to arbeidsgjevarlinjene. I dei seks fellesrådsområda i Vest-Telemark er Anne Marie Larsson verneombod for dei fellesrådstilsette og har vore med på alle vernerundane her. Tor Eivind Erikstein er verneombod for alle prestane i prostiet, og skal også vere med når vernerundane startar opp i dei seks fellesrådsområda i Aust-Telemark til veka.

På vernerundane går ein mellom anna gjennom rutinar for alt frå opning av grav, sjekking av utstyr og bygningar til gjennomføring av stabsmøte og rullering av planar. Eit av punkta det vert fokusert særleg på i år er sjekking av flaggstenger.   

På bilete: Verneombod Tor Eivind Erikstein (til venstre), prost Asgeir Sele, verneombod Anne Marie Larsson og kyrkjeverje Bjørnar Christensen.  

 


Del denne artikkel på e-post