Kyrkjekontor på flyttefot

Kyrkjekontor på flyttefot

Det var reine maurtua av flyttefolk, møblar og esker då dei tilsette på kommunehuset i Fyresdal i dag flytte til næringshagen.

Dermed er Fyresdal truleg den første kommunen i landet utan eige administrasjonsbygg. Sjølv om kyrkjekontoret ikkje heldt til i det gamle kommunehuset som no skal rivast, vart prest og kyrkjeverje likevel med på flyttelasset og kan gle seg over heilt nye og lyse lokale i nybygget. I tilegg til kontorfellesskap med alle verksemdene som heldt til i næringshagen frå før, kjem dei altså no under same tak som heile kommuneanministrasjonen og Nav. Dei kan mellom anna nyta godt av felles kantine for alle på huset. Frå det nye kontoret sitt har kyrkjeverje Else Berit Mandt Gaarden utsikt rett over til Moland kyrkje på andre sida av parkeringsplassen. Sokneprest Øyvind Mæland kan gle seg over vakker utsikt over Fyresvatnet.


Del denne artikkel på e-post