Diakoniplankurs

Diakoniplankurs

I Øvre Telemark er det mange gode tradisjonar innan diakoni. Gjennom eit systematisk planarbeid kan desse tradisjonane både sikrast og foredlast. Difor var medlemmer av sokneråd og diakoniutval frå Vinje, Kviteseid og Fyresdal samla til kurs i diakoniplanskriving i Brunkeberg kyrkje i går.

På kurset var det innleiingar ved styreformann i prostidiakonatet Oscar Garnes og prost Asgeir Sele. Frå kvar sin synsvinkel gav dei innspel til korleis diakonien gjennom eit godt planarbeid kan sikrast sin rettmessige og avgjerande plass i lokalkyrkjelyden. Etterpå leia prostidiakon Eilev Erikstein deltakarane gjennom ein samtale der deltakarane drøfta sine eigne planar og såg på korleis desse kunne fornyast. Erfaringane frå kurskvelden var så god at det vert vurdert å lage ein tilsvarande kurskveld for resten av prostiet.


Del denne artikkel på e-post