Morgan Thorsen pensjonist etter lang teneste

Morgan Thorsen pensjonist etter lang teneste

Denne sommaren vert Morgan Thorsen pensjonist etter å ha tenestegjort som prest i Øvre Telemark prosti samanhengande i 30 år.

Morgan starta yrkeskarriera si ved Framnes mekaniske verksted i Sandefjord, der han tok fagbrev som platearbeidar i arbeid på ein av dei første boreriggane som vart produsert i Noreg. Så heiv han seg på teologistudiet på Menighetsfakultetet og hadde si første presteteneste som sjøforsvarsprest i Nord-Norge. I 1987 kom han til Øvre Telemark, først som kapellan på Rjukan i ei årrekke, før han vart sokneprest i Hjartdal. Dei siste åra har han vore pilegrimsprest og seniorprest i prostiet. 

Avskjedsgudstenesta for Morgan vart halden på Åh stiftsgård i samband med prestane i prostiet sin tur dit like før ferien. I takketala si, framheva prosten mellom anna den praktiske tilnærminga Morgan ofte har i forkynninga, den store tenesteviljen og den lune humoren. Sjølv om Morgan Thorsen no vert pensjonist, vil han framleis ha eit avgrensa engasjement som pilegrimsprest og mellom anna følgja langvandringa til Røldal.

Publisert 18. juni 2017 av Asgeir Sele  


Del denne artikkel på e-post