Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

Reformasjonsfest Øvre Telemark

Reformasjonsfest Øvre Telemark

Dette året markerer den Lutherske kyrkja over heile verda at det er 500 år sidan reformasjonen. Fleire komitéar jobbar fram mot Reformasjonsfest Øvre Telemark. 

I prostiet vårt samlast alle kyrkjelydane til reformasjonsfest søndag 29. oktober på Notodden. Programmet startar med jubileumsgudsteneste for heile familien i Notodden kirke kl. 11. Her vert eit stort samansett barnekor sentralt i gjennomføringa av ei messe som er spesialskriven for jubileet. Etter gudstenesta tek me heile byen i bruk. Det vert pølsefest på menighetshuset med kiosksal og tårnsafari. På Telemarksgalleriet kan du sjå utstillinga Sola Gratia – kunst og kirke i 500 år, og i Heddal vert det omvising i Stavkyrkja og servering av middag i Kafe Olea. Klokka 16.00 vert det stor jubileumsforestilling i Notodden kirke med krefter frå heile prostiet. Det er ingen andre gudstenester i Øvre Telemark denne søndagen, og kyrkjelydane i prostiet organiserer transport til Notodden.

Sjølve reformasjonsdagen, tysdag 31. oktober vert det ringt med klokkene og halde ei enkel preikegudsteneste kl. 18.00 i alle kyrkjene i Øvre Telemark. Reformasjonsjubitéet vert også markert med pilegrimsgudsteneste i Ulevåbotn på Haukelifjell, konsertar i fleire kyrkjer i prostiet og foredrag om bondeopprøret m.m. Alt dette vil det koma meir informasjon om i månadane som kjem.

Publisert 18. juni 2017 av Asgeir Sele

 

 


Del denne artikkel på e-post