Avskjedsfest for Ragnhild Halden

Avskjedsfest for Ragnhild Halden

Det vart ein minnerik fest då Notodden menighet tok avskjed med kapellan Ragnhild Halden.

Etter avskjedsgudstenesta i Notodden kirke, der Ragnhild sjølv heldt preika, vart det invitert til ein heidundrande kyrkjekaffi på menighetshuset, der arrangøren hadde fått med seg at Ragnhild har ein forkjærleik for sjokoladekaker (sjå biletet). 

Det var mange som fekk ordet til ei takk, og mange sa noko om kor lett det er å samarbeida med Ragnhild, og korleis ho på ein god måte kombinerar det å vera tydeleg og samstundes romsleg, raus og løysingsorientert. Tydeleg forkynning og teologisk refleksjon, var andre stikkord som var framme.

Elles fekk me på kyrkjekaffien oppleva både blues- og revyartistar som tok stemninga til dei store høgder. 

27. august vert Ragnhild innsett som sokneprest i Lunde og Flåbygd kyrkjelyd i Nome kommune.

Publisert 19. juni 2017 av Asgeir Sele 


Del denne artikkel på e-post