Reformasjonsmarkeringa er igang

Reformasjonsmarkeringa er igang

Reformasjonsmarkeringa i Øvre Telemark prosti starta offisielt med friluftsgudsteneste i Ulevåbotn på Haukelifjell laurdag 26. august.

Det vart ikkje dei heilt store folkemassane som kom, men det vart ei oppleving av dei sjeldne for dei som hadde møtt fram. Biskop Stein Reinertsen tok i preika si utgangspunkt i vandringsmotivet som ein finn både i Bibelen og i litteraturen elles. Pilegrimsmotivet var også tydeleg framme i salmene som vart sungne.

Neste store markering av reformasjonsubileet her hos oss, vert opninga av kunstutstillinga Sola Gratia på Telemark fylkesgalleri på Notodden laurdag 30. september. Då kjem også biskopen.

Søndag 29. oktober er det som kjent familiedag for heile prostiet på Notodden, med mellom anna gudsteneste, aktivitetar og festforestilling.

På sjølve reformasjonsdagen, tysdag 31. oktober, er det meininga at det skal haldast gudsteneste i alle dei 50 kyrkjene i Øvre Telemark kl. 18.00.

Publisert 27. august 2017


Del denne artikkel på e-post