Varm mottaking for Ragnhild Halden

Varm mottaking for Ragnhild Halden

Ragnhild Halden fekk ei varm mottaking av dei mange som i dag hadde møtt opp i Lunde kyrkje for å vera med på innsetjinga av den nye soknepresten.

Prost Asgeir Sele minna i innsettingstalen både den nye soknepresten og kyrkjelyden om at prestetenesta ikkje handlar om å skape det perfekte, men å forvalte dei nådemidla som Gud har gjeve kyrkjelyden: Ordet og sakramenta. Slik kan kyrkja og kyrkjelyden opne for glimt av det heilage midt i vår verden, sa prosten, før han bad om Guds signing over den nye medarbeidaren.

Ragnhild Halden preika om nåden aleine på ein måte som fekk dei mange frammøtte til å lytta godt etter. Mange kommenterte preika på kyrkjebakken etterpå.

Før kyrkjelyden fekk sleppe ut til kakefest ute på kyrkjebakken i det fine vêret, vanka det både velkomstord og blomar frå både soknerådsleiar, representant frå bispedømmerådet, kyrkjeverje og representant frå Holla og Helgen menighet. 

Publisert 27. august 2017

 


Del denne artikkel på e-post