Ny og erfaren prest

Ny og erfaren prest

Sjølv om Møyfrid Lunde vart ordinert prest for berre to veker sidan, er det ikkje noko uerfaren sokneprest dei no har fått i Kviteseid.

Ved innsetjinga i Kviteseid kyrkje i dag, peika prosten på at den nye soknepresten i tillegg til både lærarutdanning og fullt teologistudium, også har lange erfaring både som misjonær på Madagaskar og i Kamerun, som skulelærar i Ryfylket og som trusopplærar heime i Johannes menighet i Stavanger. Rundt hundre menneske var møtte fram i kyrkja for å ønskja den nye soknepresten velkommen.

På festen på Misjonshuset etterpå, kom det helsingar frå både soknerådet, bispedømmerådet, Normisjon og fleire grupper og einskildpersonar i kyrkjelyden. I Kviteseid kyrkjelyd tek dei aldri lett på festar, så det vart også tid til både lapskaus, bløtkake, is og eit par leikar.

Publisert 3. september 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post