Drøftar felles leiarutfordringar

Drøftar felles leiarutfordringar

Den årlege samlinga for kyrkjeverjane, prostane og leiinga på biskedømmekoret i Agder og Telemark er i år lagt til Øvre Telemark. 50 deltakarar frå heile bispedømmet er i to dagar samla på Bø hotell til drøftingar og fellesskap. 

Den norske kyrka er for tida inne i store omstilling, og om ganske frå år skal ei heilt ny kyrkjeordninga fastsetjast. Kyrkjemøtet har gjort vedtak om at det i framtida skal vera berre ei felles arbeidsgjevarlinje i kyrkja, men det er ikkje klart kvar arbeidsgjevaransvaret skal liggje og korleis dei ulike arbeidsfunksjonane skal distribuerast rundt i den nye organisasjen. Å driva kyrkja frå dag til dag i ein slik uavklart situasjon, gjev ein del utfordringar og krev god kommunikasjon mellom dei to arbeidsgjevarlinjene som me har i dag. Fleire av tematikkane på samlinga i år handlar difor om denne kommunikasjonen. Professor Harald Askeland frå VID vitenskapelege høgskole er med som innleiar.

Sjølv om det vert lite tid på slike dagar til å oppleva lokalområdet, så fekk i alle fall deltakarane oppleva den heilt spesielle stemninga det er å feira gudsteneste i middelalderkyrkja på Nes. 

Publisert 7. september 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post