Ønskt velkommen med rømmegraut

Ønskt velkommen med rømmegraut

Kyrkjefolk frå heile Hjartdal kommune møtte fram i Sauland kyrkje for å ønskja den nye soknepresten velkommen då Rune Lia tidlegare i dag vart innsett som sokneprest.

Rune Lia er godt kjent i Telemark frå før. Han har oppveksten sin frå Lunde og Nissedal, har mellom anna jobba som skuleungdomsprest for "Laget" her i fylket, vore sokneprest i Lunde og prostiprest i Øvre Telemark der han siste halvanna året har fungert som sokneprest i Kviteseid.

Etter å ha blitt innsett av prost Asgeir Sele, leia Lia resten av gudstenesta i samarbeid med diakon, kantor og frivillige medhjelparar, før det var fest på Menighetshuset. Her hadde kjøkkensjefen vore i sving frå kl. 05.30 for å laga rømmegraut av beste slag. Den nye soknepresten vart helsa velkommen med Geirr Tveitt sine tonar til "Ver no velkomne med æra", spelt på fløyte av Torild Møinichen Skårdal, før det vart helsingar frå soknerådet, bispedømmerådet og fleire privatpersonar.

Publisert 10. september 2017 av Asgeir Sele. Foto: Frøydis Hagene Skoje, Arven.


Del denne artikkel på e-post