Innhaldsrik kyrkjehelg

Innhaldsrik kyrkjehelg

Det skjer mykje på kyrkjefronten i Øvre Telemark ei heilt alminneleg helg. Denne helga er ikkje noko unntak, og her er nokre smakebitar.

Mellom alt det som skjer i kyrkjene i Øvre Telemark denne helga er det verdt å nemna at jubileumsveka i Holla no er i gang med ikonutstilling på Øvre Verket ved Raghnhild Elisabeth Nyheim og konsert søndag kveld i Romnes kirke med Anne Gravir Klykken. Det vert program kvar dag i veka som kjem, fram til jubileumsgudstente med dronningbesøk neste søndag (24/9).

Kyrkjelydane i Tinn og Gransherad inviterar til opplevingar i verdensarvklasse denne søndagen (17/9) med pilegrimsvandring frå Dal kyrkje til Gransherad kyrkje. Etter pilegrimssamling i Dal kyrkje kl. 10.00 vert det togtur frå Dal til Mæl med påfølgande tur på Tinnsjøen med Storegut fram til Tinnoset, der det vert vandring til Gransherad kyrkje. Meir om dette kan ein lesa på nettsidene til kyrkja i Tinn.

Kyrkjelydane i Tokke og Vinje samlast i Rauland denne søndagen til innsetting av ny kapellan/ungdomsprest og ny kyrkjelydspedagog. Det er venta fullt hus med mange feststemte menneske.

Mange fireåringar skal få kyrkjeboka si denne helga. Det skjer i Kviteseid kyrkje og i Åmotsdal kyrkje. I Flåbygd kyrkje er det 6-åringane som får bok. På hausttakkefesten i Veum kyrkje i Fyresdal får 5-åringane DVD og Roan 4H serverar kyrkjekaffi i Kyrkjestova etterpå. Dei som vil helse på gamleprost Øyvind A.Jørgensen, kan jo merke seg at det er han som leier gudstenesta i Veum denne dagen. I Nissedal kyrkje er det både presentasjon av nye konfirmantar og treff for gullkonfirmantane.

I prostiet er to nye leke gudstenesteleiarar på veg inn i teneste. Den eine av dei, Sverre F. Henriksen, held gudsteneste i Tuddal kyrkje denne søndagen. Til saman er det 13 gudstenester i prostiet denne søndagen. Det er eit par mindre enn ein vanleg sundag, og kjem av at alle kyrkjelydane i Tokke og Vinje har gått saman om gudstenesta i Rauland kyrkje. På dei fleste gudstenestene vil ein denne søndagen vere innom temaet "Skaparverket er ikkje til sals" i samband med reformasjonsjubileet.

 


Del denne artikkel på e-post