Nye tider i Tokke og Vinje

Nye tider i Tokke og Vinje

Etter at ungdomsprest og kyrkjelydspedagog no er på plass, er kyrkjestabane i Tokke og Vinje komplette, etter store omstruktureringar og utskiftingar.

Denne søndagen var det stor fest i Rauland kyrkje med innsetting av Ruth Miriam Kolstad Varhaug som kapellan/ungdomsprest og Stine Beate Mondal Ljostad som kyrkjelydspedagog. Prost Asgeir Sele peika i innsettingstalen sin på at Tokke og Vinje rommer svært mange bygder og kyrkjer og eit stort spekter av trurserfaringar mellom folk.

Den som allereie i mange år har jobba på tvers av alle desse kyrkjelydane er jo prostidiakon Eilev Erikstein. Tor Eivind Erikstein vart tilsett som sokneprest i båe kommunane for snart to år sidan og har sidan fått med seg Bjørn Nome som spesialprest/fjellprest. Stine Beate Mondal Ljostad har dei siste åra jobba med å hjelpa kyrkjelydane i Vest-Telemark med å lage trusopplæringsplanar. No går ho altså inn i ein nyoppretta stilling i Tokke og Vinje der ho sjølv vert utøvande kyrkjelydspedagog.  

Det var godt oppmøte til innsettingsgudstenesta frå alle kyrkjelydane i dei to kommunane, og det kom etterpå helsingar frå både kyrkjelydane, bispedømmerådet, dei tilsette med fleire.

Soknerådsleiar i Rauland, Gunn Margareth Naaden, var den som leste opp tenestebreva frå biskopen ved oppstarten av gudstenesta. Den nye ungdomspresten preika over temaet "Skaparverket er ikkje til sals" medan den nye kyrkjelydspedagogen leia forbøna saman med prostidiakonen. 

Publisert 17. september 2017


Del denne artikkel på e-post