Jubileumsveka i Holla er i gang

Jubileumsveka i Holla er i gang

Holla og Helgen menighet markerar ei heil veke til ende at Holla kirke er 150 år og at Romnes kirke og Holla kirkeruiner er 800 år. Det er eit imponerande program jubileumskomiteen har lagt opp til.

Jubileumsveka starta denne helga med opning av ikonutstilling på Øvre Verket ved Ragnhild Elisabeth Nyheim. Søndag kveld var det konsert i Romnes kirke med Anne Gravir Klykken (biletet), der tilhøyrarane fekk ei sterk oppleving av gamle salmer og liturgisk song. I dette særeigne kyrkjerommet kom Klykken verkeleg til sin rett som den framifrå folkesongaren ho er.

Måndag held Helge Klingberg foredraget "Gravminner gjennom tidene" i auditoret på Holla tiårige skole. Tysdagen opnar elevar i visuelle kunstfag ved Nome kulturskule utstilling på Ulefoss samfunnshus medan utstillinga "Seremoni og kirketekstiler" opnar i Holla kirke. Onsdag er det formiddagstreff på Fredheim medan det er kosert med "De tre organister" i Holla kirke på kvelden. Torsdag blir det pilegrimstur fra Romnes kirke til Holla kirkeruin og fredag blir det "Musikkfortellinger" ved Bruno Hagemann i Romnes kirke.

Søndag 24. september vert det jubileumsgudsteneste i Holla kirke der biskop Stein Reinertsen preikar og H.M. Dronning Sonja er til stades. Som postludium vil me få ein smakebit av tingingsverket som skal framførast på kvelden same dag. Komponist er Henrik Ødegaard. 

Heile programmet finn du på http://hollaoghelgen.no,

Publisert 17. september 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post