Fokus på forkynninga

Fokus på forkynninga

Biskop Stein Reinertsen er for tida på rundreise til alle prostia i bispedømmet for å fokusera på forkynninga.

I dag var det prestane i Øvre Telemark sin tur til å få besøk av biskopen og høyra foredraget hans om forkynninga sin plass i prestetenesta og i kyrkjelyden sitt liv. Biskopen si rundreise markerer oppstarten av eit større studieprosjekt som alle prestane i bispedømmet skal igjennom, der forelesarar frå Menighetsfakultetet vil stå for hovuddelen av undervisninga. Mykje av prosjektet vil føregå i prostia og er kalla "Kunsten å snekre en preken". Det er grunn til å tru at også dei som går til gudsteneste utover i 2018 vil kunne oppleve at noko er på gang med tanke på forkynninga.

Elles vart det på tenestekonferansen i dag markert at det for første gong på lenge er fast tilsette prestar i alle stillingar i prostiet. I og med at det totalt er så mange som 20 prestar i prostiet, så vil det i snitt verte skifta ut 2-3 i året. Men når det no har vore ein periode med fleire presteskifte, så er det også godt for fellesskapet å få ein stabil periode og kunne bli kjent med dei nye.

Publisert 19. september 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post