H.M. Dronning Sonja på jubileumsgudsteneste

H.M. Dronning Sonja på jubileumsgudsteneste

I samband med at Holla kirke er 150 år og Holla kirkeruiner og Romnes kirke er 800 år vart jubileumsveka avslutta med stor festgudsteneste i Holla kirke med H.M. Dronning Sonja til stades.

Ei fullsett Holla kirke tok i mot H.M. Dronning Sonja då ho like før gudstenesta vart ført inn til plassen sin av Agder og Telemark biskop, Stein Reinertsen. Det var biskopen sjølv som heldt preika medan både noverande og tidlegare prestar gjorde teneste i gudstenesta saman med øvrig kyrkjestab og frivillige medarbeidarar.

Til postludium framførte sopranen Cecilie Rønning, Con Vocale og Quartet on the corner tingingsverket "Veni, redemptor gentium - 800 år med kirkemusikk" under leiing av Cedomir Popadic. Henrik Ødegaard er komponisten bak verket der teksten er av Ambrosius.

Dronninga fekk etterpå omvising i Romnes kirke, før det var jubileumslunsj på Holden hovedgård for inviterte gjester.  

Publisert 24. september 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post