Biskopen opna kunstutstilling

Biskopen opna kunstutstilling

Utstillinga "Sola Gratia - Kunst og kyrkje i 500 år", har kome til Telemarksgalleriet på Notodden og vart opna av biskop Stein Reinertsen med mange interesserte frå heile distriktet til stades.

Utstillinga Sola Gratia er produsert av Agder og Telemark bispedømme og Tunsberg bispedømme og har vore vist i Drammen Museum, før tida no er inne for Telemarksgalleriet på Notodden. Kurator for utstillinga er kunsthistorikar Ingvild Pharo. Kunsten er lånt ut frå kyrkjer i dei to bispedømma og representerar ulike tidsepokar frå 1200-talet og fram til i dag. Utstillinga er ein del av kyrkja si markering av reformasjonsjubileet.

På opningsdagen var det helsingar frå stiftsdirektør Tormod Stene Hansen, prost Asgeir Sele og kuratoren sjølv, før biskopen slapp til med opningstalen sin. At dei flotte lokalitetane til Telemarksgalleriet ikkje berre er egna til kunstutstilling, fekk dei mange frammøtte også på ein veldig god måte oppleve då Anne Gravir Klykken kom fram og song.

Utstillinga vil visast på Telemarksgalleriet fram til 17. desember. Opningstider og arrangement i samband med utstillinga finn ein på heimesida til Telemarksgalleriet. Utstillinga vil også vere ein sentral del av programmet på den store familiedagen som Øvre Telemark prosti arrangerar søndag 29. oktober i samband med reformasjonsjubileet.

Publisert 30. september 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post