Støttar TV-aksjonen

Støttar TV-aksjonen

Dei fleste kyrkjelydane i prostiet vil denne helga markere TV-aksjonen ved mellom anna la takkofferet gå til UNICEF sitt arbeid for å gje utdanning til born som er ramma av krig og konfliktar.

I Heddal  inviterar kyrkjelyden til bluesgudstjeneste i Låvekyrkja i samband med TV-aksjonen. Ideen kom i følge Telen frå bluesmusikarane Trond Ytterbø, Morten Omlid, Jostein Forsberg og Øystein Ytterbø, som meir enn gjerne let bluesgudstjenesta i Heddal vera vorspiel for den store blues- og haustfest i Bok & Blueshuset seinare på dagen. Då kjem som kjent ei lang rekke store namn innen bluesen til bluesbyen Notodden.

Eitt av fem born i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. UNICEF har et spesielt fokus på dette i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.

Publisert 21. oktober av Asgeir Sele. Foto: UNICEF


Del denne artikkel på e-post