Takka Svein Ringhus

Takka Svein Ringhus

Vinje kyrkje var nesten fullsett då Svein Ringhus vart takka av etter lang presteneste.

Svein Ringhus, som sjølv er frå Vinje, hadde bak seg både feltprestteneste, arbeid for Det norske Misjonsselskap i Ofoten og åtte år som kapellan i Drangedal, då han for 19 år sidan kom til Vinje som sokneprest. I takketalen sin peika prosten mellom anna på den unike lokalkunnskapen til Svein og korleis han med sitt milde vesen og gode smil hadde vunne tillit hos folk. 

Under kyrkjekaffien vanka det også helsingar, gåver og godord frå representantar for Vinje og Nesland sokneråd, Grunge sokneråd, Vinje kyrkjelege fellesråd og staben i Tokke og Vinje.

Kona til Svein, Anne Ringhus, fekk også takk og blomar for innsatsen sin for kyrkjelyden gjennom alle desse åra. 

Publisert 22. oktober 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post