Samlast for første gong på 17 år

Samlast for første gong på 17 år

Når kyrkjelydane i Øvre Telemark samlast til felles gudsteneste førstkomande søndag, er det ikkje mindre enn 17 år sidan sist.

Sist gong alle kyrkjelydane i det som i dag heiter Øvre Telemark prosti var samla til felles gudsteneste, var pinsedag i år 2000. Den gongen vart gudstenesta halden i Granvin kulturhus i Seljord, og biskop Olav Skjevesland var predikant. Gudstenesta vart halden som ein del av markeringa av 2000-årsjubileet for Jesu fødsel.

Når kyrkjelydane i Øvre Telemark igjen samlar seg til felles gudsteneste, ymse aktivitetar i byen og festkonsert i Notodden kyrkje, så er det denne gongen reformasjonsjubileet som skal markerast. Programmet for søndag 29. oktober ser slik ut:

11.00 Festgudsteneste for heile familien
i Notodden kirke. Bestillingsverket «Stem i den nye songen». Barnekor. Kollekt.

12.15 Aktivitetar rundt i byen    Shuttlebuss
*Tårnsafari  *Aktivitetar, konkurransar og kiosksalg ved Ønsket og Elsket
*Omvising i Heddal stavkyrkje *Utstillinga «Sola Gratia» på Telemarksgalleriet  *Matsalg på Notodden menighetshus og  Cafè Olea.

16.00 Festkonsert
i Notodden kirke. Trond Ytterbø, Bruno Hagemann, Gunnulf Sletta, Jørn Rønningen, Notodden kantori m.fl. Fri entré.

Publisert 26. oktober 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post