Øver til reformasjonsfesten

Øver til reformasjonsfesten

Eit trettitals born og unge er denne helga på Jønnbu Fjellkyrkje på Lifjell for å øva fram mot reformasjonsfesten på Notodden førstkomande søndag.

Koret som skal stå for framføringa av tingingsverket "Stem i den nye songen" er sett saman av songarar både frå Øvre Telemark og frå andre stader i landet. Dei er alle med i lokale kor tilknytta den landsomfattande organisasjonen Ung kirkesang, som var dei som tinga verket av komponist Odd Johan Overøye og tekstforfattar Arve Brunvoll. 

Instruktør og dirigent denne helga er Grete Hasselgård Sele og Rolf Axelsen Lie han ansvaret for orkesteret, som er samansett av profesjonelle musikarar frå distriktet. 


Del denne artikkel på e-post