Ønsket og Elsket klar for reformasjonsfesten

Ønsket og Elsket klar for reformasjonsfesten

Andreårsleiarane til konfirmant- og leiartreningsprogrammet Ønsket og Elsket har laurdag ettermiddag rigga seg klar tll ein hektisk aktivitetsbolk under reformasjonsfesten på Notodden i morgon.

Mellom festgudsteneste og festkonsert i Notodden kirke, vert det aktivitetar på tre stadar i Notodden-området:

På Telemarksgalleriet er jubileumstustillinga «Sola Gratia – kirkekunst frå reformasjonen og fram til vår tid» open. Denne dagen er det gratis inngang, kunstverkstad for born og open kafe, der ein m.a. kan kjøpe suppe.

I Heddal er det gratis omvising i stavkyrkja, utstillingar ved Borgny Svalastog og Merete Løndal i Låvekyrkja, og så kan du kjøpe middag i Cafe Olea, der det blir servert Luther-gryte.

På Notodden menighetshus blir det selt pølser i brød, Ønsket og Elsket har rigga opp kiosken sin, og andreårsleiarane inivterar til gladiatorarena, reformasjonsquiz og muffinspynting m.m. Om nokon vil opp i kyrkjetårnet og sjå utover byen, så er kyrkjetenaren klar for å ta deg med på tårnsafari.

Det vil gå shuttlebuss mellom dei tre stadane.

Publisert av Asgeir Sele 28. oktober 2017.


Del denne artikkel på e-post