Vellukka reformasjonsfest

Vellukka reformasjonsfest

Hundrevis av menneske frå heile Øvre Telemark fylte Notodden kirke då reformasjonsfesten starta med festgudsteneste i dag.

Med slåttetromme i front kom songarane frå Ung kirkesang inn i kyrkja i prosesjon og sette frå første tone av "Stem i den nye songen" ein feststemt men likevel ledig stemning. Spesielt ledig vart det då "vaktmesteren" dukka opp med gardintrapp for å assistera dei to predikantane i å finna den rette måten å klatra opp til Gud på. 

Etter gudstenesta nytta mange høvet til å få med seg både utstillinga på Telemarksgalleriet og Luther-gryte i Cafe Olea. På omvisinga i stavkyrkja høyrte me ein mann som sa at "no har me køyrt forbi her i 50 år, no skal eg endeleg få kome meg inn og sjå". På Notodden menighetshus boltra den unge garde seg på rodeoarena og med pynting av muffins, under leiing av andreårsleiarane til "Ønsket og Elsket".

Konserten på ettermiddagen vart også ei stor oppleving for alle frammøtte. Her fekk Sauherad-kantor Bruno Hagemann verkeleg demonstrert at orgelet i Notodden kirke har hatt veldig godt av restaureringa denne hausten. Kantoriet presenterte også musikk som høva seg på ein reformasjonsfest, før komfransier Sverre Farstad Henriksen slapp til countryartist Jørn Rønningen som mellom anna let oss høyra den legendariske "Jesus In a Leather Jacket" av Tom Pacheco. Trond Ytterbø leverte tre innslag som verkeleg var bluesbyen verdig, før me igjen vart trekte tilbake til vår eigen telemarkske kulturarv, då Gunnulf Sletta på hardingfele og kantor Sylke Feldhusen gav oss to religiøse folketonar.

Mange frivillige og tilsette stod på heile dagen for å gjera reformasjonsfesten til den vellukka dagen det vart. Stor takk til alle saman! Dette må me absolutt gjenta om 500 år!

Publisert av Asgeir Sele 28. oktober 2017. Foto: Sverre Farstad Henriksen. 


Del denne artikkel på e-post