Anette-Emilie Tøndel vigsla til prest

Anette-Emilie Tøndel vigsla til prest

Etter mange år som prestevikar i ulike stillingar i Øvre Telemark, er Anette-Tøndel no vigsla til presteteneste i Stavanger.

Tøndel kom til området vårt for å gå inn i stillinga som ungdomsprest i Lunde. Den gong vart ho vigla til diakonteneste, men heldt fram med studiar innan teologi. Etter at ungdomspreststillinga i Lunde vart lagt ned på grunn av økonomi, har Tøndel jobba så godt som samanhengande i fleire år som prestevikar ulike stader i prostiet.

I haust tok Tøndel pratikum ved Menighetsfakultetet og vart av Stavanger bispedømmeråd tilsett som sokneprest i Sunde i Ytre Stavanger prosti. Søndag 15. januar var det ordinasjonsgudsteneste i Lunde kyrkje ved biskop Stein Reinertsen og stor fest på menighetshuset Solhaug. Her vanka det mange godord og lykkeynskje.

Publisert av Asgeir Sele, foto: Nils Steinar Stavsholt


Del denne artikkel på e-post