Drøfta samanslåing av sokn

Drøfta samanslåing av sokn

Om halvanna år er det soknerådsval att. No vurderer sokna i Seljord kommune om dei skal slå seg saman eller halda fram som tre sokn.

På det årlege felles soknerådsmøtet for Seljord, Flatdal og Åmotsdal sokn, var soknerådsvalet 2019 og ei eventuell soknesamanslåing den viktigaste saka. For å kasta ljos over saka var prosten i Øvre Telemark og kyrkjeverjane i Kviteseid og Hjartdal inviterte til å ha innlegg. Både i Kviteseid og Hjartdal var det soknesamanslåing i forkant av førre soknerådsval. Kyrkjeverje i Hjartdal, Arild Bjørnstad, var nok den som drog fram flest negative sider ved samanslåing, medan kyrkjeverje Kristen Salmelid i Kviteseid tala varmt for samanslåing. Prosten informerte om dei formelle sidene ved samanslåing og kva tidsplan ein eventuelt måtte følgja. No skal saka drøftast i kvart av sokneråda før det eventuelt vert sendt søknad om samanslåing til Agder og Telemark bispedømmeråd som av gjer saka.

Publisert av Asgeir Sele 11. mars 2018


Del denne artikkel på e-post