Bispevisitas i Nome

Bispevisitas i Nome

Denne veka er det bispevisitas i Nome. Det er første gong kyrkjelydane i heile kommunen er med på same visitas. Så er det også lagt opp eit tett program for biskop Stein Reinertsen dei dagane han er her.

Ein bispevisitas handlar djupast sett om biskopen sitt tilsyn med kyrkjelydane. I forkant vert det utarbeidd ei visitasmelding frå kyrkjelydane om alt som har skjedd sidan sist visitas og om stoda idag. På sjølve visitasdagane skal biskopen både møta sentrale medarbeidarar i kyrkjelydane og viktige samarbeidspartar i lokalsamfunnet. I Nome har han denne veka hatt møte med kommuneleiinga, møtt elevar og lærarar ved skulane både i Lunde, Holla, Søve og Helgen og vore på besøk i Svenseid barnehage. Det vart også tid til bedriftsbesøk på Ulefos Jernværk. Størstedelen av tida har biskopen likevel brukt til drøftingar med sokneråda og kyrkjestabane i tillegg til samtalar med prestane og soknerådsleiarane.  Biskopen har også vore med på sjukeheimsandaktar, møtt konfirmantane, vore på øvinga til Minigospel og Barnegospel i Lunde og ete middag på familietorsdag på Fredheim. Folk flest har også kunna møte biskopen på konsert i Holla kirke og på møte på Lunde bedehus. Tradisjonen tru vert bispevisitasen avslutta med visitasgudsteneste. Denne er lagt til Lunde kyrkje, der biskopen også vil halda visitasforedraget sitt like etter gudstenesta. Etter visitasforedraget vert det kyrkjekaffi på Solhaug.

Publisert av Asgeir Sele 11. mars 2018 av Asgeir Sele. Biletet er teke på familetorsdag på Fredheim.


Del denne artikkel på e-post