350 konfirmantar på treff i Seljord

350 konfirmantar på treff i Seljord

Denne helga er tortalt 350 konfirmantar frå Øvre Telemark på treff i Seljord. 

Det er dei som skal konfirmerast no i vår i ei av kyrkjene i prostiet som denne helga fyller Granvin kulturhus i Seljord to kveldar på rad. Konfirmanttreffa fungerar delvis som reunion etter sommarleirne som dei starta opp konfirmanttida med i fjor, og delvis som oppkøyring til fasteaksjonen alle konfirmantar skal vere med på i veka som kjem. 

I tillegg til informasjon om arbeidet til Kirkens Nødhjelp og kursing i bøssebering, inneheld kvelden på Granvin turneringar innan fotball og kanonball, aktivitetsrom, spelerom, matservering og fellessamlingar med musikk, song og ord til ettertanke. 

Med på konfirmanttreffet er også ei stor gruppe ungdomsleiarar som har ulike oppgåver i gjennomføringa av arrangementet.

Publisert av Asgeir Sele 17. mars 2018


Del denne artikkel på e-post