Fullsett kyrkje ved jublieum for A. O. Vinje

Fullsett kyrkje ved jublieum for A. O. Vinje

I samband med at det i år er 200 år sidan forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i Vinje, var det i dag festgudsteneste med fullsett Vinje kyrkje.

Biskop Stein Reinertsen heldt preika ved gudstenesta og var tydeleg godt kjent med forfattarskapet til A. O. Vinje. Ved gudstenesta fekk me også høyra song ved Sondre Bratland og ein eigen oktett med Aasmund Nordstoga i spissen. Olav Norstoga leste fleire tekstar av Vinje, og gudstenesta fekk ei heilt spesiell avslutning då lokale born til postludium song "Blåmann, blåmann, bukken min".

Publisert av Asgeir Sele 8. april 2018.

 


Del denne artikkel på e-post