Blues, pinse og misjon


Blues, pinse og misjon er nokre av stikkorda i den nye utgåva av "Helg i Øvre Telemark".

 

Det er ingen ringare enn sjefen for Notodden bluesfestival, Jostein Forsberg, som i denne utgåva av "Helg i Øvre Telemark" blir intervjua om forholdet sitt til blues. I tillegg får me høyre soknepresten i Kviteseid og prosten i Øvre Telemark reflektere over kva pinse er. Ein av konklusjonane er, ikkje overraskande, at misjon har med pinse å gjera, og diakon Silje Sjøtveit  fortel om ein konkret aksjon i bispedømmet for å styrka misjonen i ei krevande tid. 

Lurte du forresten på kva Eilev Erikstein tenkjer om ei eventuell gjenoppning av Skogsleiren i Fyresdal? Sjå denne helga si utgåve av "Helg i Øvre Telemark" her.

Tilbake