Tre årgangar med teksttankar


Vest-Telemark blad har i alle år hatt ei eiga spalte der ein lokal skribent har fått reflektera over preiketeksten for søndagen som kjem. Tre årgangar er no tilgjengelege digitalt.

 

Dei siste tre åra er det prost Asgeir Sele som har hatt denne vekentlege skriveoppgåva. I og med at kyrkja vår har tre tekstrekker, har han no skrive refleksjon til alle preiketekstane, og desse er no gjort digitalt tilgjengeleg her på prostiet si nettside. Teksttankane finn du ved å klikka på Sundagstankar lengst til høgre på menylinja øvst på sida. Nokre av dei 150 tekstane er prega av situasjonen dei vart til i, men kan likevel vera relevante neste gong den same preiketeksten dukkar opp att. For tida er me i tredje tekstrekke, men første søndag i advent byrjar me på nytt med første tekstrekke. 

Sjølv om desse teksttankane no vert publiserte digitalt, vil nye teksttankar med andre lokale skribentar koma på trykk i Vest-Telemark blad kvar fredag. 

Tilbake