Nokon å snakke med?


Treng du nokon å snakke? I desse urolege tidene kan det vere fint å snakke med nokon som er trent i å lytte og vane med å snakke med mennesker som kjenner at livet røyner på.

 

Til saman 20 prestar og 4 diakonar i Øvre Telemark er tilgjengeleg for ein prat. I desse koronatider må samtalen skje på telefon eller Skype, men ikkje ver redd for å ta kontakt. Me er her for deg. Du finn kontaktinformasjonen på kyrkjelydane sine eigne heimesider

Kirkens SOS held også ope som vanleg, og her går det an å ringe heile døgnet.Telefonnummeret er 22 40 00 40.

Tilbake