Podkast-serien Diakonalgang er vel verdt å få med seg, ikkje minst no når mange av oss sit heime og lurer på kva me best kan gjere og korleis det blir med framtida.
Prostidiakonen i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, har sin eigen podkast-serie der han reflekterer over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet. Med seg til å reflektere har han fått mellom andre Ivar Solbu, tidlegare diakon i Sauherad, og Silje Sjøtveit, diakon i Tinn. Du finn poden ved å klikke på denne linken.